Evig ung

Premiere15. nov 2017
Produsert avHordaland Teater
Basert påEvig ung av Erik Gedeon
MålgruppeVoksne
SpråkNynorsk
UttrykksformerMusikal
Spilleperiode15. nov 2017  
Spilletidca. 2 timer
NettstedHordaland Teater

Om Evig ung

Evig ung (2017) var en musikkteaterproduksjon av Hordaland TeaterEvig ung var basert på et skuespill av Erik Gedeon med samme tittel. Produksjonen ble vist på Logen, Hordaland Teater.

Regissør var Hilde Sol Erdal.

Les mer

Medvirkende

Vis mindre

Vis alle

Spilleplan

  • Images (0)
  • Video (0)
  • Audio (0)
  • Files (0)

    Mer om Evig ung

    På Hordaland Teaters hjemmeside står blant annet dette om Evig ung:

    "Kva no om vi - ein gong i framtida - møtte kasserte og avdanka skodespelarar på eit lukka teater? Kva no om både dei og scenekunsten hadde blitt erklært overflødig for samfunnet elles? Kva no hvis desse ein gong så strålande, vitale kunstnarane blei plasserte i eit passiviserande omsorgssystem som ikkje såg kva som budde i dei, men tvert imot behandla dei nedlatande som om dei var brysomme born?

    Kva ville skje på ein slik gamleheim? Ville Elisabeth Moberg, Claus Sellevoll, Sigurd Sele, Harald Dahlstrøm, Lars Jacobsen og Katrine Dale resignere for overformynderiet? Eller ville dei gjere opprør og kreve sin rett til å ta plass?

    På Logen sit dei gamle pynteleg vagla medan veggklokka tikkar. Ein pleiar ser til at dei er rikeleg medisinerte. Men når den autoritære Syster Oda (Oda Alisøy) ikkje ser, boblar saft og kraft opp i dei tilsynelatande trøytte kroppane. Då minnest dei tida på scenen og songar som har blitt ein del av deira felles soundtrack. Og her er det rik mogelegheit for publikum til å minnast med dei. Ei perlerekke av kjente rock og poplåtar frå dei siste 50 åra blomstrar opp på scena. Titlar som Stayin alive og I will survive vil for dei fleste bære bud om den livsvilja og det humøret som står i sentrum for denne framsyninga. I selskap med denne gjengen blir det snart reist tvil om dei lar seg kassere på ein gamleheim. Dei har mykje å by på enno.

    Evig Ungpå Logen er basert på ei framsyning som vart produsert på Sogn og Fjordane Teater i vår. Når vi no tek den vidare og plantar den i Bergen er det eit ledd i vårt gode samarbeid med teateret i nabofylket. Vi tør likevel love at ingen skal være i tvil om at denne festen finn stad i Hordaland."

    KILDER:

    Import fra premierelisten på Scenekunst.no 13.11.2017

    Hordaland Teater, hordalandteater.no, http://hordalandteater.no/evigung.html, 13.11.2017.